| Feb |
| 2 |
| 18:00 |
I samband med at det snart er OL har vi vori så heldige å få Thomas Alsgaard til Samfunnet. Alsgaard var Noregs beste utøver i herrelangrenn nokre år tilbake, og han var sjølvskriven ankermann på dei fleste VM- og OL-stafettar på 1990- og byrjinga av 2000-talet. Han har òg ei rekke individuelle mesterskapstriumfar. No har du sjansen til å møte han i levande live på Ås!
Arrangementet finn stad 2. februar klokka 18.00 i Aud Max. Det kostar 40 kroner for medlemmar, 80 kroner for ikkje-medlemmar, og gratislista gjeld sjølvsagt.